Brødrene af Sand er ei Ryfylkejekt, og blei bygd i Sagvika på garden Dokkskar i Yrkesfjorden i 1866.
Allerede året etter gjekk Elling Trulsen Bru med jekta til Østersjøen med 269 tønner sild. Fartøyet var opprinneleg klinkerbygd, men blei ombygd til kravell i 1896.
I 1905 kom jekta til Sand, der brødrene Sven og Nils Eide dreiv fraktefart i fjordane med Brødrene af Sand og Anna af Sand fram til 1967. Første motoren kom om bord i 1917 og var ein 22 hk semidiesel.
Tryggen Larsen overtok jekta i 1969 og starta arbeidet med tilbakeføring til slik ho var tidleg på 1900-talet. I 1997 overtok Ryfylkemuseet jekta med mål om totalrestaurering tilbake til 1905.
28.august 1999 kom ho frå Hardanger Fartøyvernsenter til Sand og var ferdig restaurert.
Ein ivrig dugnadsgjeng i Venneforeninga til Brødrene af Sand står for drifta av fartøyet og brukar seglingssesongen til kulturformidling med jekta. All løpande rigg på fartøyet er av tjæra naturhamp og segla er av bomull.
Brødrene af Sand har status som verneverdig fartøy.